Ikkje forsvarleg

Det er ikkje forsvarleg med stor fart i Lukksund. L.Rødne & Sønner AS ynskjer dispensasjon frå fartavgrensinga gjennom Lukksund, men Kystverket Vest avslår søknaden, skriv Sunnhordland.


Viktig å tryggja ferdsla gjennom Lukksund, meiner Kystverket Vest

L.Rødne & Sønner AS er firmaet som driv hurtigbåtruta som går innom Malkenes. Selskapet har søkt om å få gå med ein fart på 25-30 knop gjennom Lukksund på strekninga Moseknappen lykt - Einingevikjo. Dagens lovlege fart er ni knop.

Kystverket Vest meiner at den vanlege ferdsla skal tryggjast og rår til å avslå søknaden. I avgjersla legg Kystverket Vest også vekt på uttalane frå både Fusa kommune, Tysnes kommune og grunneigarane i området.

Kystverket Vest har no sendt saka vidare til Kystdirektoratet, der ho skal til endeleg avgjerd.

200207 1925