Kjempegod oppslutnad


Du kan oppleva storslått natur på shetland. Her frå den røffe vestkysten i nord.

Mange frammøtte på Sundagsakademiet.

- Me er kjempenøgde med oppslutnaden om Sundagsakademiet, fortel initiativtakar biblioteksjef Knut Rage.

Sist sundag var det Shetland og Hjeltahandelen som stod på programmet, og det møtte mellom 35 og 40, og det er jo kjempebra.

Og kulturtiltaket er allereie fått godt ord på seg for denne gongen kom det til og med folk frå Stord for å vera med. Mellom desse var utflytta tysnesingar Magny og Kristoffer Lien, ho frå Skorpo og han frå Vattedal. Dei reiste saman med eit anna ektepar til Tysneshallen og Sundagsakademiet.

Foredraget til Mikal Heldal om hjeltahandelen var veldig interessant, tykte dei, og så vart det vist flotte bilete frå Sogelagsturen til Shetland og Orkenøyane i fjor. All kulturen inklusive kaffipause med kaker og kringle gjorde at det vart ein triveleg tysnestur for stordabuarane.


Magny og Kristoffer Lien, utflytta tysnesingar tok turen til Tysnes og sundagsakademiet.
Det angra dei ikkje på.

Hordaland Sogelag har planar om ein ny tur til Shetland og Orkenøyane til sumaren og dei som er interesserte kan kontakta sogelaget, vart det opplyst.

Neste møte i Sundagsakademiet vært 25. mars kl. 17:00. Då skal Brit Rage halda foredrag om arbeidet sitt med folkedrakter frå Tysnes og Hordaland med hovudvekt på å visa variasjonar og mangfoldet i kvinnedrakter på Tysnes.

 

 

Bindinga til Noreg finn du mange døme på rundt
om i øyrike. Dette heng i Tinghuset i Lerwick >>

(Tekst og bilete: Kåre M. Malkenes)

210207 1815