Får forlenga skjenketid

Mandelhuset er nøgd med at dei får behalda skjenketida til klokka 0200 fram til 30.juni 2008. Dette vart vedteke av politikarane denne veka.

- Det er heilt klart positivt for Mandelhuset at me får forlengt skjenkinga til klokka to. Når ein ser på skjenketidene rundt på dei andre kommunane rundt oss, så er det veldig bra at me kan tilby nokonlunde same opningstider som på Stord og Bergen. Dette seier Sigvard Madsen ved Mandelhuset til Tysnesingen.

Madsen seier dei nok ikkje har fått fleire gjester grunna den utvida opningstida, men at dei tiltrekkjer seg folk frå over brua.

- Det er heilt klart meira fristande for folk frå Ølve/Fusa å ta seg ein køyretur ut, når dei veit at dei har muligheit til å vera litt lengre. Ein ser og ein klar trend der dei litt eldre går ut litt tidlegare, og gjerne går heim i eitt-halv to tida, mens ungdommen synes det er kjekkt å kunna sitja til klokka to. Dette har taxi-næringa også sett pris på, då dei frå meira flyt på køyringa, seier Madsen.


Jan Gunnar Rosseland og Tor Erik Tveit
spelte 'live' i jula på Mandelen

Lensmannen sin uttale til kommunestyret var at dei ikkje burde rå til å halda fram med den utvida skjenketida. Fleirtalet av poliktikarane valte likevel å stilla seg positiv til søknaden frå Mandelhuset.

Hadde det bli nei, trur Madsen det ville fått litt å sei for 'live' musikk kveldane, då ein sjølvsagt merkar det på omsetnaden at ein må stengja ein time tidlegare.

- Så for Mandelhuset sin del så er det veldig positivt at me har fått lov til å fortsetja med skjenkinga til klokka to, og satsar på at dette skal gjera at me framleis kan ha ope året rundt, og ha eit variert tilbod med 'live' musikk og liknande.

Me set også stor pris på oppslutnaden som har vore på Quiz/'live' musikk i vinter, dette visar jo at det heilt klart er behov for plassen! sluttar Madsen.

220207 0910