|
Vil slå ring om nærbutikken Denne veka har Lunde bygdalag sendt ut skriv til alle i bygda med oppfordring om å støttta opp om nærbutikken.
Lunde bygdalag påpeikar kor viktig det er at ein brukar nærbutikken, slik at ein også i framtida har butikken i bygda. Gjennom skrivet ynskjer bygdalaget å vera "føre var" og oppmodar alle fastbuande og hyttefolk til å slå ring om nærbutikken deira i Lunde. Bygdalaget skriv at å driva butikk i utkantstrok er utfordrande. Lange opningstider, ønskje om større vareutval, svakt kundegrunnlag og krav om at varene skal vera ferske er berre ein del av utfordringane til nærbutikken. Skulen, barnehagen, butikken og banken er hjarta i Lundegrend, og det er her me møter sambygdingane i kvardagen, skriv bygdalaget, og held fram: Me har sett butikk-døden ramma Tysnes og andre stader. Det er ikkje sjølvsagt at me har nærbutikk i Lunde. Difor ynskjer Lunde bygdalag å vera "føre var" og ber folk om å bruka nærbutikken slik at ein kan ha den også i framtida. 230207 1753 |
|