Mange med på Fitjarcup

Denne helga har den årlege Fitjarcupen blitt arrangert i Fitjar idrett- og kulturbygg. Fleire Tysnes-innslag var med.


Kjetil Kaastad (og broren Terje Kaastad bak) med full kontroll for laget LMT mot Kameltigrane

Forutan to reine Tysnes-lag, var det også mange andre lag med utflytta tysnesingar med. Fitjarcupen er ei natt turnering, som byrja klokka 1800 fredag kveld og der det gjekk i eitt fram til laurdag kveld klokka 1800. Så var det opphold med bankett, før sluttspelet heldt fram frå søndag formiddag klokka 1100.

Av dei to Tysnes-laga så gjekk Balderkameratane vidare til 8-dels finale før dei vart slått ut. Kameltigrane gjekk ikkje vidare til sluttspelet. I bronsefinalen i dameklassen var det fleire kjente som møttest. Britt Lise Volden, Anne Helene Vestbøstad og Laila Støle sitt lag møtte laget til Ingvild Hauge.


Utflytta tysnesingar på hugget i Fitjarcup, frå venstre Anne Helene Vestbøstad,
Laila Støle, Britt Lise O. Volden og Anita Bakkane


Kameltigrane hadde gått humør trass fem tap, ståande Marcus Dalland og Yngve Vevatne. I midten
Tommy Helvik, Daniel Putian, Sindre Økland, Tommy Hansen. Sitjande Eirik Schnelle og Jostein Mehammer


Balderkameratane hadde 2 sigrar, 1 uavgjort og 1 tap i innleiande før det vart tap 0-1 i 8-delsfinalen.
Bak f.v. Per Vermedal, Knut Martin Dalland, Terje Instøy, Ronny Hagen.
Framme Kato Stien, Arild Pettersen, Torbjørn Onarheim, Gunnar Hansen

250207 1645