AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

John Hagen

Ung jente frå Våge fekk møte Europe

Europe er blant dei største banda som har opptrådd på Tysnesfest.
Nils Vermund Gjerstad og niesa Marie fekk intervjua dei før konserten, og fekk svar på mykje om eit av 80-talets største band.

PUBLISERT AV May Britt Meland Publisert: 13.07.13 18:15

Joey Tempest og Mic Michaeli møter underteikna og niesa Marie (9) for intervju i Tysneshallen.

Synes de at scenen på Tysnes er litt liten? spør Marie.
- Dette ser bra ut. Ser ut til å vera ein bra festival, seier frontfigur Joey Tempest.

Korleis kom de opp med den flotte songen  The Final Countdown? lurer Marie på.
-Det byrja på keyboard. Det var meint som opningslåt til ein Europe-konsert; dramatisk og majestetisk, unikt og annleis. Me likte den med ein gong, den var spesiell og nesten seks minutt lang. Me hadde ikkje venta at den skulle verta slik ein stor hit, forklarar Joey Tempest som står for både tekst og musikk til 1980-tallets kanskje mest gjenkjennelige riff. Låten gjekk til topps i 26 land!

-Eigentleg byrja me å spele den i 1985, men det var vel fyrst i 1986 The Final Countdown kom ut på plate, skyt Mic inn.

Korleis fann de på namnet Europe?
-Det stammer nok frå ein av våre favorittskiver frå 1970-tallet med Deep Purple. Dei ga ut Made in Japan og Made in Europe. Inspirasjonen kom frå sistnemnte.

Min favorittlåt med de er Cherokee. Kva handlar den eigentleg om? Spør Marie.
Kor flaks du har, for Cherokee spelar me i dag. Det blir for deg då, smiler Joey Tempest, og gjer greie for den litt spesielle teksten: -Då me spela inn plata Final Countdown, fekk eg låne ei bok om cherokee - indianarar av produsenten vår. Cherokeeane vart dreve frå sitt land og måtte flykte over Amerika, Trail of Tears var det kalla.

Og Carrie? Kom det frå Stephen Kings bok? spør Nils Vermund.
-Carrie flaug inn i skallen på meg. Det var berre eit namn liksom. Me spela den fyrst berre med tangentar og vokal, seinare la me på trommer.

Bag of Bones er namnet på dykkar siste plate som kom ut i fjor. Det er også tittelen på ein Stephen King-bok. Nokon samanheng der?
-Det er nok tilfeldig, men eg såg at det gjekk ein tv-serie av Stephen King med den tittelen på fjernsynet nylig, men det visste eg ikkje om då eg fann på tittelen.

Korleis er det Bag og Bones i forhold til platene dykkar for 20-30 år sidan?
-På den er tilbake der me byrja, og attende til røtene våre, med inspirasjonar av musikken me høyrte på 1970-talet. Det var band som Deep Purple, Led Zeppelin, Thin Lizzy og UFO, svarar Mic.

Kvifor kallar du deg egentlig for Joey Tempest, når du kjem frå Sverige? undrast Marie.
-Det stammar frå på biblioteket i skulen eg gjekk på. Eg såg ei bok av Shakespeare som heitte The Tempest (på norsk: Stormen). Eg syntes tittelen høyrtes kul ut. Så eg sette saman Joey og Tempest, fortel vokalisten i Europe, som eigentleg heiter Rolf Magnus Joakim Larsson.

Kva er den raraste plassen de har spelt? Spør Nils Vermund
-Me har spelt mange stader, Sør-Amerika er kult. Spesielt Chile og Argentina, og Sørøst-Asia er bra. Bombay var ganske annleis. Scenen var bygga av bambus. Me hadde forestilt oss eit publikum fullt av folk med turban, men det var vanleg middelklasseungdom som kom der og.

Og så lurar eg på om Ian Haugland fra Os? spør Marie.
-Hehe. Ian kjem frå Nord-Norge. På veg til Tysnes såg me ein stad som heter Haugland. Me syntes og det var litt artig, og eg tok bilete av skiltet, fortel Joey Tempest.

Tekst og foto: Nils Vermund Gjerstad





Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du nyttårsforsett?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2018 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS