
Sundag 18. november vart det siste Sundagsakademiet for 2007 avvikla på biblioteket i Tysneshallen. Denne gongen var det Ryfylke-diktaren Rasmus Løland som stod på programmet.
I år er det hundre år sidan Løland døydde, og i dei neste fem åra fram til 150 års-markeringa for Rasmus Løland sin fødselsdag 24. mai 2011 vert det ymse arrangement og markeringar for ein av våre viktigaste nynorske barnebokforfattarar gjennom tidene .
I om lag eitt år har Ernst Berge Drange, bygdebokforfattar med sterke slektsrøter til Tysnes, skrive ein større biografi om diktaren, og på Sundagsakademiet fekk tilhøyrarane nærmare kjennskap til det omfattande arbeidet som er lagt ned i denne nye biografien om Rasmus Løland som no ligg føre i eit praktbind på heile 637 sider.
Ernst Berge Drange, som er kjent for dei fleste tysnesingar som forfattar av gards- og ættesogene for Tysnes, har gjeve biografien tittelen ”Rasmus Løland - Barnebokpioneren frå Ryfylke”. Her er livet og lagnaden til barnebokforfattaren framstilt like så grundig og nøyaktig som i bygdebøkene, og lesaren får heile soga om slekta, familien, oppveksten og livet til Rasmus Løland som døydde så altfor ung, berre 46 år gamal.Dette var siste sundagsakademi for i år, og tiltaket er blitt ein suksess, fortel initiativtakar Knut Rage. Samarbeidet mellom Tysnes Folkebibliotek og Tysnes Sogelag vil halda fram også til neste år, og me er allereie i gong med opplegg for dei fyrste møta på nyåret.
Me vil jobba for å få til samarbeid med andre institusjonar og sogelag for å henta idear til emne og foredragshaldarar, men i 2008 vil det vera naturleg å setja fokus på Johannes Heggland si ordbok over lokale ord og uttrykk frå Tysnes, samt skottahandelen som vil bli tema for fleire utstillingar i Sunnhordland. I tillegg vert det andre foredrag, avsluttar bibliotekleiaren
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema