AnderslandBygg.topp.venstre
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Bygg Tysnes
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Joker Uggdal
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

T Hilllesvik Transport 470

Innkalling til Omframt årsmøte 2017

Uggdal Vasslag SA.

PUBLISERT AV Ole Johannes Støle Publisert: 04.09.17 09:01

Org. nr.: 970198342 mva

Stad: Kinosalen i Grendatun
Tid: Tysdag 19. september kl. 19:00

Saksliste

1. Val av møteleiar, referent, og 2 medlemmer til å underteikne protokollen.

2. Godkjenning av innkalling og saksliste.

3. Fullmakt til å utgreia kommunal overtaking av Uggdal Vasslag SA

 

Saksframstilling, Sak 3: Fullmakt til å utgreia kommunal overtaking av Tysnes Vassverk SA.

Vatn er noko av det viktigaste me har i samfunnet.  Å levera reint vatn på ein trygg og stabil måte er kritisk i infrastrukturen vår, og må drivast på ein mest mogeleg kvalitetsikker måte.  I takt med utviklinga har styresmaktene og auka krava til denne tenesta.  

Det kom ny drikkevassforskrift 1. Januar 2017. I denne vert det stilt høgare krav til m.a. beredskap og øvingar, kompetanse, driftsrutiner og vedlikehald. Kommunar og fylkeskommunar har og fått ein klarare plikt til å ta omsyn til drikkevatn i sine planar.  I tillegg har Mattilsynet auka sine kontroll- og rapporteringsrutiner.

Bygdafolk etablerte vasslaget i slutten av 60-åra opp i gjennom har laget vore drive med ein stor del av dugnadsånd.  I dag er det mindre dugnad, og eit felles driftselskap driftar både nettet i Uggdal og Tysnesbygda.  Likevel er drifta sårbar.  Driftselskapet er lite og manglar større fagmiljø. Det er heller ikkje lang kø for å ta styreansvar i vassverket.  Me manglar godt kartgrunnlag og Tysnes kommune har vedteke ny norm for anlegget som skal oppfyllast for vidare utvikling.

Styret ber i dette omframe årsmøtet om fullmakt frå medlemene til å få utgreidd sak om ei evt. kommunal overtaking av Uggdal Vasslag SA.  Dersom resultatet av ei evt. utgreiing føreslår ein modell for overtaking, vert den lagt fram for årsmøtet for godkjenning før prosess for overtaking vert iverksett. 

På møtet vert teknisk leiar i DIHVA (Driftsassistansen i Hordaland – Vatn og Avløp IKS) Tobias Dahle med. Han har erfaring frå tilsvarande prosessar andre stader og vil orientera om dei ulike elementa i ein slik prosess, samt vera tilgjengeleg for spørsmål frå årsmøtelyden.

 

Uggdal 14. august 2017

For styret


Henrik Aakre



Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Har du byrja med juleførebuinga?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2017 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Annes Klær
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Fysio
Tysnes Treningssenter.
Mandelhuset
Svingen Puls
Accountor Tysnes
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS