Andersland Bygg/Byggeriet
Alsaker 140x100
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Utleiestillas
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Mandelhuset
Haavik og Lien Bygg
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Joker Uggdal
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Trykkvask
Båtlaget Njord Tysnes
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Tysnes Frp
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

John Hagen

Slektsforskning på data

Slektsforskning på data - me vil gjerne ha med nokre fleire!

PUBLISERT AV Knut Rage Publisert: 06.01.10 12:26

Er du interessert i slektsforsking og har halde på med det ei stund - eller er det noko du kunne tenkja deg å ta fatt på?

Mange tok del på det første kurset vårt – og no prøver me oss igjen. Det er kome ein del påmeldingar, både frå folk som var med sist og nokre nye - og at det er fleire som var med sist som no kjem på nytt tek me som eit godt teikn!

Om du er nybyrjar eller erfaren, ung eller pensjonist, spelar inga rolle! Alt du treng er ein berbar pc med Windows, så ordnar me med resten.

Kurset vil passa både for dei som var med sist – og som gjerne vil ha ein repetisjon og møta att deltakargjengen frå førre gongen - og for nye deltakarar.

Kursleiar vert som sist Erling Utne, som har lang røynsle med slektsforsking og i bruken av dataprogrammet Legacy, som vil bli delt ut gratis i fri versjon til alle deltakarar. Legacy er fullt kompatibelt med anna programvare dersom du brukar eit anna program frå før av, så det er ikkje noko probem.

I løpet av 3 kurskveldar vil deltakarane få demonstrert korleis ein kan nytta programvara som eit verktøy i slektsforskinga, og korleis ein går fram med å henta dei opplysningane ein har bruk for. Deltakarane vil også få ei orientering om kva som finst på internett av ressursar. I tillegg arbeider me med å få inn ein gjesteførelesar, og me planlegg også ein ekskursjon til Statsarkivet i Bergen ein laurdag føremiddag.

Om du trur at dette kan vera noko for deg, og gjerne vil setja av nokre kveldar utetter vinteren, ta kontakt med Tysnes folkebibliotek på epost tysbib@online.no eller på telefon 988 19 153. Me er avhengige av eit visst antal deltakarar og vil gjerne også høyra kva tidspunkt som passar best for dei fleste. Me ser helst at deltakarane disponerer eigne berbare pc'ar som dei kan ha med (Windows). Det er fint om du kan oppgje ein kveld/dei kveldane i veka som passar best for deg. Kursavgift vert kr. 300. Det inkluderer installasjon og instruering i bruk av Legacy.


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Året er på hell, og 2015 bankar på døra.. Kva ambisjonar har du for 2015?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2014 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Mari Anne Strikk & barnesikring
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Hesteskyss
Safir
Tysnes Fysio
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS