
Bergens-politikar vil berre ha åtte kommunar i Hordaland, og Tysnes inn i nye Sunnhordland kommune.
Høgre-politikar i Bergen, Eivind Nævdal-Bolstad, går i dagens BA ut med eit framlegg om samanslåing av kommunar i Hordaland. Han vil redusera kommunetalet frå 33 til åtte kommunar i fylket.
Tysnes har han plassert i Sunnhordland kommune saman med Stord, Sveio, Fitjar, Bømlo og Kvinnherad. Med dagens folketal ville Sunnhordland kommune hatt 47.000 innbyggjarar.
For å sikra eit velfungerande velferdstilbod til innbyggjarane er me avhengige av meir robuste kommunar, meiner Høgre-politikaren.
Os vil han ha inn i Bergen, men Terje Søviknes vil ikkje slå seg saman med Bergen. Byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland (H), ynskjer heller ikkje å utvida Bergen til ein større kommune og meiner dei er store nok.
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Eg et:
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema