
På fjerde forsøk vart det Muse-konsert for Christian Frugård.
Christian Frugård var ein av mange tysnesingar på Koengen i går kveld på Muse-konsert. Tre gonger før har han tenkt seg på Muse, men det har skåre seg.
I 2006 skulle han oppleva det britiske bandet på Quartfestivalen, men då måtte han jobba under Tysnesfest. I 2007 var billettar klar for konsert på Wembley, men to dagar før avreise øydela han kragebeinet i kamp for Njardar.
Ifjor kjøpte han Muse-billettar til konserten i Oslo, berre for å oppdaga at dei var falske og dermed ingen konsert.
Men i går var han på plass etter å ha vunne to billettar gjennom BA. Og det er denne avisa som i dag serverer historia om Frugård som omsider kom seg på Muse-konsert.
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Eg et:
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema