Andersland Bygg/Byggeriet
Alsaker 140x100
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Kontorhotell
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Lars Hagen
Losfjord
Tysnes Maskin AS
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Rolls-Royce
Utleiestillas
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Tvedt
Mandelhuset
Lien Trelast
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Godøysund Ekspressen
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Joker Uggdal
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Trykkvask
Båtlaget Njord Tysnes
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Tysnes Frp
Lunde Anleggservice liten
Jøli VVS
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Tiko 2

Tysnes-meteoritten i Rosendal

På ein rusletur i Rosendal nyleg fekk me auge på eit skilt i vindauget til turistinformasjonen som gjorde at me bråstoppa.

Knut Rage Publisert: 27.08.10

"Tysnes-meteoritten", las me på lappen - og gjorde vegen kort innom døra. Kva i all verda var dette for noko, hadde dei byrja gå oss i næringa?

- Jo, det stemmer det, kan dama bak disken bekrefta. - Me har ein kopi av Tysnes-meteoritten på utstilling i vindauget.
- Men kvifor her i Rosendal? Høyrer den ikkje heller heime på Tysnes?
- Kanskje det, men meteoritten er ein del av ei geologisk utstilling, fortel ho. - Me viser fram ei samling av underlege og spanande steinar frå heile landet. Og her høyrer Tysnes-meteoritten på sitt vis heime, som kanskje den største sensasjonen.

Nokre raske fakta: Tysnes-meteoritten er ein steinmeteoritt som fall ned over Midtvåge 20. mai 1884 - på Skarpebakkjen. Mange skal ha sett meteoritten koma som ei stor eldkule og skal ha høyrt ein eksplosjon. Det skal ha falle fleire steinar ned etter eksplosjonen, men av dei som fall ned over Midtvåge var det berre småstein, med unnatak av ein bit på over 20 kg. Denne steinen skal ha bora seg 30 cm gjennom jordlaget, til den trefte stein og spratt opp att og landa 13 meter lengre vekk. Ganske heftige saker, med andre ord. Tysnes-meteoritten er den nest største som er kjend i Noreg, og rangerer faktisk mellom dei største i verda.

Det høyrer med til soga (som eg ikkje får stadfesta i skrivande stund) at nedslaget av meteoritten skal ha skremd vitet av ei taus på garden.

Originalen finst på Mineralogisk-geologisk museum, Universitetet i Oslo. Så langt eg forstår har formannskapet i Tysnes løyvd midlar til avstøypinga av meteoritten i samarbeid med Folgefonna nasjonalparksenter, og det har vore vist til at det kan vera naturleg at steinen vert plassert i eit framtidig parkanlegg på Onarheim. Men kanskje me ser meteoritt-kopien her allereie til neste år, som ei eiga utstilling i turistinformasjonen, t.d.?



Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  


DET SKJER

FRÅ ANDRE NETTSIDER

DI MEINING

Eg et:

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema

Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Gunnar Hansen - tlf: 97153089 - epost: gu-ha@c2i.net
Konto for sponsing: 3525 11 09115
Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2012 Tysnesingen.no

Tysnes Sparebank
TysnesIL.no
Sporten
Galanten
Carisma frisør
Spar Tysnes
Tiko Elektro
John Hagen
Facebook
Tysnesingen sponsekonto
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk