Andersland Bygg/Byggeriet
Alsaker 140x100
Tysnes Kommune
Tysnes Sparebank 140x30
Tiko
Windsor
Tysnes Maskin AS
Tysnes Bilsenter
Tysnes Kjøle
Losfjord
Heis-Tek
Dokkegalleriet
Myrdal gard
Ekeland
Per Henrik Opdal
Johs Tveit
Utleiestillas
Njardar
Treco
Tysneslyd
Arild Gjerstad
Mandelhuset
Haavik og Lien Bygg
Joker Årbakka
Tysnes sogelag
Tysnes Båtutleie
Ronny Bakkane
Joker Uggdal
Dalen Golf
Tysnes seniordans
Grendatun
Tysnesfest
Tysnes Trykkvask
Båtlaget Njord Tysnes
Tysnes Båthamn
Frisøren på Tysnes
Tysnes Frp
Laukhamar Fritid
Tysnes Frivilligsentral
Bjørnefjorden tannlegepraksis

Rimi ny

Bjørnstjerne Bjørnson på Sundagsakademiet

Vår store nasjonaldiktar Bjørnstjerne Bjørnson står i fokus på Sundagsakademiet sundag 24. oktober.

PUBLISERT AV Knut Rage Publisert: 18.10.10 18:11

Då vil Kari Bolette Lundal frå Stord fortelja om den store diktaren, og også lesa nokre dikt og tekstar frå den omfangsrike produksjonen hans. Og kven veit, kanskje publikum også kan bli med på allsong og syngja nokre av dei kjende og kjære songane hans? Kven kjenner ikkje songar som “Løft ditt hode, du raske gutt” og “Ingerid Sletten av Sillejord”?

Som dei fleste veit er det Bjørnson-år i år. Me markerar at det er eitt hundre år sidan Bjørnstjerne Bjørnson døydde. Og no på tampen av Bjørnson-året vil me også hylla han på Tysnes. Det er ikkje lett å seia noko om ein så mangfaldig mann som Bjørnson med få ord. Han var ikkje berre ein stor diktar, men også ein betydeleg  samfunnsdebattant og teaterpersonlegdom. 

Produksjonen er særs omfattande,  med bondefortellingar, skodespel, poesi, romanar, artiklar, taler og ein enorm mengde brev. Med sine bondefortellingar fornya Bjørnson forteljarkunsten i Noreg  med omsyn til form, stil og mennskeskildring. Det var også han som grunnla det moderne sagadramaet og det borgarlege samtidsdramaet og skreiv dei første realistiske problemdramaene. Kort sagt var Bjørnson ein mann av store dimensjonar, ikkje berre i si eiga samtid, men i heile vår moderne historie.

Kari Bolette Lundal arbeider til vanleg som barnebibliotekar på Stord folkebibliotek. Ho fotel og les i ulike samanhenger, både for born, ungdom og vaksne. Det dreier seg om formidling av eventyr og sagn, bibelforteljingar og bøker, i tillegg til at ho også lagar program om forskjellige personar og bøker.

Sundagsakademiet har vore eit populært innslag på Tysnes i fleire år, og er eit samarbeid mellom Tysnes Sogelag og Tysnes folkebibliotek. Som vanleg vert det tid til ein kaffipause undervegs og ein god drøs.

Tid og stad: Sundag 24. oktober kl. 17,  Tysnes folkebibliotek, Tysneshallen.  Gratis adgang.


Tips ein venn!
Ditt navn:
Di epostadresse:
Eventuell melding til venn:
Din vens epostadresse:
Din vens namn:
Di epostadresse:
Meld På | Av
  

Del på Facebook


DET SKJER

DI MEINING

Kva er nærast din drøymekommune?

  • Resultatet

MEST LESE SISTE VEKA

TIPS TYSNESINGEN

Tysnes Industri AS
Tlf 46 93 31 19
post@tysnesingen.no


Google

Ansvarleg for Tysnesingen: Tysnes Industri AS org nr 976216598 - tlf: 46 93 31 19 - epost: post@tysnesingen.no

Nyhetsystem og oppsett: Vilko CMS
© 2000-2014 Tysnesingen.no
Tysnes ungdomslån
TysnesIL.no
Mari Anne Strikk & barnesikring
Carisma frisør
Spar Tysnes
John Hagen
Haaheim Gaard
Marinegruppen
Kines Hudpleie
Tysneskyrkjelydane 1
Andersland Rør
Tysnes Hesteskyss
Safir
andersland-bygg.as
tysnes.kommune.no
Tysnes Kraftlag høyblokk
Alsaker Fjordbruk
Tysnes Industri AS