
I morgon blir det nok ein gong Tysnesmessa i hallen.
Det er om lag 20 utstillarar til årets yrkes- og utdanningsmesse. Av desse er det tre skular som er på plass i Tysneshallen for å presentera seg sjølv.
Som vanleg vert det to bolkar: Klokka 11 til 14 er det primært ope for skuleelevar, medan frå klokka 17 - 1930 er messa open for alle interesserte.
I pausen midt på dagen vil det bli eit reiselivsseminar. Her vil mellom anna reiselivssjef i Bergen, Ola Warberg, vera med, samt Linn Therese Vinje som er reiselivsansvarleg i Samarbeidsrådet for Sunnhordland.
| Di epostadresse: | |
| Meld | På | Av |
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema