Den store bilkaraven rundt øya 30.juni 1956. Det er Knut Lavik, som var med på turen rundt øya for 50 år sidan, som har lånt ut bilete. - Ja, da var ein svera tur da, seier Knut'n om turen Lunde Idrettslag arrangerte. 36 bilar og nokre motorsyklar var med, då dei starta frå Vassbakken og køyrde sørover til Onarheim og vidare til Uggdal og Våge, før dei kom tilbake kalde og gjennomblåsne attende til Vassbakken. Langs vegen stod det store og små og venta for å sjå karavanen. Då alle bilane var komne vel attende, var det fotballkamp mellom yrkessjåførane og privatsjåførane. Yrkessjåførane vann 3-0, og no går vist alle sjåførane på øya rundt med gongsperr, skreiv avisa for 50 år sidan. - Bakpå lasteplana var det spikra opp benkjer som folk kunne sitja på. Ein var ikkje så nøye på slikt før i tida, seier Knut'n og fortel at dei etterpå hadde fest i ungdomshuset i Lunde.
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema