Nabogutar på Elsåker på tur i Solheimsdalen Ein solskinsdag omlag 1966, i dei dagar det enno var snø vinterstid, er tre nabogutar på Elsåker på tur i Solheimsdalen. Her har dei teke ein pause i aktivitetane og har benka seg etter alder på kjelken. Frå venstre sit Karl Olav Kjerland, Gerhard Meidell Alsaker og Nils Eivind Hansen. Dei hadde heilt sikkert ein fin dag i snøen. Karl Olav og Gerhard bur framleis på Elsåker. Nils Eivind flytta same året (1966) til Våge. Det er Johan Kjerland, far til Karl Olav, som har knipsa biletet. (innsendt av Olav Skjellevik)
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema