Frå venstre: Trond Skjolde, Torbjørn Onarheim, Tor Bakke, Harald Dalsgård, Torbjørn Solheim, Bjørn Magne Haugland, Bjarte Storesætre. Bilete er henta frå Kråkenytt nr. 2 - 81/82 (skuleavisa på Tysnes ungdomsskule laga av mediagruppa i 8.klasse) der redaksjonen sjekka opp i kven som skulle koma til ungdomsskulen på Gjerstad til hausten. I intervjuet fortalde dei at dei hadde det knallgodt og lika seg på Onarheim skule. Friminuttane gjekk med til fotball, slåball og slossing stod det å lesa. Me saksa nokre linjer frå Kråkenytt: "Me såg ingen jenter og spurde etter dei. Då lo dei og sa at dei var berre gutar. Tanken slo oss at det måtte vera trasig, utan jenter". "Korleis trur de me har det på ungdomsskulen? Nokon trudde me hadde det bra, nokon meinte me hadde det litt kjedelig. Og på spørsmål kva dei hadde høyrt om ungdomsskulen var det særleg det at det var så mange som byrja å røykja når dei byrja i Våge."
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema