Her er bilete av nokre blide og trøytte?) russejenter frå Tysnes Realskule -71. Er det nokon som kjenner seg att? Det var den gongen målet for russefeiringa var å få ein knute på russehua vår, og å klara vekkja samtlege av lærarar i laupet av 17.-mai natta! Norheimen var forresten oppe då me kom og diska opp med pærer klokka 3.30 om natta. Geir Mehammer hadde også førebudd seg og serverte oss kaker og brus litt seinare på natta. Innsendt av Hildbjørg Kopperud
Kven gler du deg mest til på Tysnesfest
Gunnar Hansen
Tlf 97 15 30 89
gu-ha@c2i.net
Kontaktskjema